mandag, desember 02, 2013

Luke # 2 !

Kyr for dagen 2. desember:

 Milla

Dama so er gjøymt bak luke nummer 2 har eg valgt fordi ho akkurat no er plassert i sjukebingen og blir varta opp på alle fire klauver. Kvifor ho er der skal eg komme tilbake til, men sidan ho er sjuk so fortjener ho vel litt ekstra merksemd. Milla er normalt sett  ei kyr med det ein må kalle ein STOR personlegheit. Ho er svært selskapssjuk og blir rett fornærma om eg går forbi og ho ikkje får merksemd og kos. Dama er også sinnsjukt svær! Ho er ikkje berre eit matvrak altso, men rett og slett ei stoor kyr og med eit tilsvarande stort hovud med lika store tankar om seg sjølv. I følgje denna dama er alt her i verdi laga til ho. Ho er ikkje sjef i flokken, men allikevel: fyrst til det beste graset, råderett over mjølstallen, sin eigen favoritt liggebås, personleg groomer ( Anne og meg..), fyrst inn i mjølkestallen og ikkje minst; går kvar ho vil, når ho vil og nåde den kyri eller menneske som står i vegen mellom ho og hennar destinasjon. Men som sagt, ho er svært kjelen. Når eg tek kveldsrunden inne blant damene so ligg ho å "øna" seg heilt til du kjeme bort å klør ho litt på halsen. Då er ho ikkje fornøgde før ho har fått ligge med hovudet i fanget ditt ei stund. Men tilbake til det faktum at ho treng litt gode tankar sendt sin veg for tiden. Dama er sjuk. So langt ser det ut som at det er ketose. For nokre veker sidan so fekk ho ein veldig fine kyrkalv. For dei som føl med på instagram`en min so var dette eit bilete dei fekk sjå:


Milla hadde altso ein monstermage! 
No skal det seiast at dama var i veldig (...) god stand, men dette var eit ekstremt midjemål . Og ho var slik i allefall ein månad før kalving. Eg var egentleg ikkje redd for ein monsterstor kalv, då ho pleie å få små avkom, men eg var redd det var minst (!) to kalvar inni der. Og då med tanke på tvillingar i magen, feit kyr og det at dette var 4 kalven (kalvane?) so var me litt skeptiske både til det eine og det andre. Men då dama blei kalvsjuk so var det ei pressrie og ei pitteliti tynne jente som berre glei ut av ho. Frisk og rask, og rettaleg tøff i trynet, hoppa det ein einaste kalv rundt føtene på Milla dei neste dagane. Den nybakte mori fekk gå med kalven i fleire dagar. Eg var redd både mjølkefeber og mykje anna, men Milla overraska oss ved å gå på, ete godt, stelle kalven og mjølke godt. I fylgje eine dyrlegen var det ein eller anna sjukdom/tilstand som kunne vere grunnen til den enorme magen. Då ho kalva reagerte eg på at det var enormt mykje fostervæske og det virka som om det var "dobbel" fosterhinne rundt kalven. Det var visst eit eller anna so gjorde at nokon kyr kunne få alt for mykje fostervæske og div. andre problem. Etter kalving kunne jo ein også få problem med blodtrykksfall mm. med tanke på at kyri skulle kvitte seg med all ekstra væska, komme seg etter fødsel og auke i mjølkeproduksjon...No omtrent to veker seinare hadde eg senka skuldrane litt med tanke på sjukdom men skuffelsen var eit faktum då dama plutseleg droppa i mjølkemengd for eit par dagar sidan. Med tanke på kor stor ho er hadde me ho inn i sjukebingen. Om ho no var alvorleg sjuk so var tanken på at ho kollapsa på spalten ikkje noko hyggeleg, hverken for ho eller oss. I allefall, då me har kyr i ein eigen binge har me også meir oversikt på kva kvar kyr et (mjøl vs.høy vs. silo) og drikk. Sidan eg var redd mjølkefeber blei temperaturen og kyri følgt med argusauge. Men ingen teikn til det. Ok, då blir neste teori ketose. Det lukta kanskje litt av ho, men ikkje noko særs sterkt. Om det er ketose so et dei ofte mjøl, men ikkje gras. Men dette matvraket åt godt med høy, mjøl og drakk vatn. Jaja, tenkte me. Då er det vel berre slik at ho har ein liten "down" no etter at me tok frå ho kalven og ho har auka godt i mjølkemengd. Men neste dag var ho verre. Åt mindre, hadde mindre mjølk og ikkje minst: det var noko feil med oppførselen. Store auge og eit løge blikk, ikkje ville ho kos og merksemd, Noko var definitivt feil. Kanskje var det ketose eller mjølkefeber på veg allikevel ? Sidan ho åt litt so gav me ho litt ekstra tid til å komme seg. Men nei, då eg var nede i fjøsen midt på natti for å skjekke korleis det gjekk, var ho vorten verre.Det var noko heilt " feil" med heile kyri. Ho var rett og slett både sint og nervøs når eg var inni bingen. Litt skjelvingar i bogmusklane men elles ikkje noko fysiske teikn på kva som var gale. Men psykisk var ho heilt "off".  Ho ville ikkje ha noko kontakt og det løgnaste av alt var at ho tygde som ho var galen med tom kjeft. Ingen ting i munnen, men ho gomla på... ALT skulle sleikast og gnagast på, det var mest so ho var besatt. Meir forvirra enn nokon gong so kom eg innatt i stova og plukka fram Storfesjukdommar boki mi for detta var løge. Etter å ha lese i nokre minuttar i kapittelet om ketose kom forklaringi. Nokon kyr har "nervøs ketose". Det høyrest ut som ein tullesjukdom men er høgst reell. Då blir dei blant anna nervøse, sinte, tygge og lenar seg fram mot skuldrane. Det kunne sjølvsagt hende at vet.Karin tok feil av diagnosen, men her måtte i allefall det ringast til vetrinær. Og diagnosen blei då faktisk ketose. MEN ho hadde også ein del gass i nedre del av magen på høgre sida. Heldigvis høyrdest det ikkje ut som om det var løypedreining ( me måtte avlive ei kyr for eit par veker sidan på grunn av det...) men det var allikevel ikkje heilt normalt. Men sjølv etter behandling er ikkje Milla heilt seg sjølv att endå. I går åt ho godt, men i dag tykte eg at ho hadde ete litt mindre att. So no kryssar me berre alle klauver på at dette skal gå bra! So oftast må ikkje kyr med ketose behandlast fleire gongen so om ho ikkje kviknar til att so er det nok noko meir gale.... Det å eventuelt måtte avlive kyr nr 2 i løpet av eit par veker er absolutt ikkje kjekt. Ein ting er det reint økonomiske med tapet av ei vaksi mjølkekyr, men ikkje minst so er det seigt for ein bonde å ha sjuke dyr! I allfall: Milla er dagens kyr fordi ho fortjenar merksemd og gode tankar om ein snarleg restitusjon :D


Dårleg mobilbilete, men løll: Milla no i natt. For nokre minuttar sidan so låg ho fint og halvsov, men det bekymrar meg at eg ikkje har sett ho har hjorta i heile dag. Ikkje som eg har lagt merke til i allefall. Kom igjen, Milla - you can do it!!;D

Ingen kommentarer: