Kyr for dagen 8.desember :
Hella
Hella er dagens kyr fordi ho i kveld gjekk ut i barselspermisjon. Det vil sei at frå i kveld av skal ho ikkje mjølkast att før ho har fått ein ny fine kalv! I fjor fekk ho den fyrste kalven sin og ho har vel vore ei god kvige, men det gjeld mjølkemengd og absolutt ikkje vennskapet med meg... Altso, då ho fekk kalven sin var alt berre fryd og gammen. Dama var kjempesnill! Ingen problem i det heile teke og ho sto stødigt med føtene i golvet frå fyrste mjølking, tolererte alt og var svært kjælen. Problema i forholdet vårt dukka opp to dagar etter kalving. På ein spene; ein jurbetennelse med sus over... Dama so alder hadde vore sint på meg eller spent etter meg i heile sitt liv hadde no eitt mål ; drepe dama med mjølkespannet ("off with their heads"!). Kalven godtok ho heilt fint. Han fekk ikkje drikke av den betente spenen men om avkommet prøvde seg på "feil" spene so snudde ho seg berre roleg rundt. Men i allefall, etter dyrlegebesøk so blei det penicilin og sjølv om dama blei trespent so vart ho heilt frisk att. Fysisk altso. Psykisk er ei heilt anna sak. Sjølv om ho ikkje hadde ildt i juret lenger so virka det som om eg var ein evig påminning om den smerten ho hadde hatt. Me låg nesten i krig. Eg og Hella hadde ein stillingskrig der ingen ville gje seg. Ho hadde to krav: at ho skulle få att ungen hennar so eg hadde kidnappa, og at eg skulle gje opp ideen om at eg skulle klare å hjernevaske ho til å bli ei villig mjølkekyr. Eg hadde eitt ynskje: ikkje spenn meg i hovudet. Me er vel endå ikkje blitt vener att, men me er komme til eit punkt der me tolererar kvarandre.. Ho har godteke mjølkinga ved at eg bestikke ho med enorme mengder mjøl, ingen raske rørske, ingen hender nær jur eller mjølkeorgan og defintivt (!) ikkje noko godprating til ho :D
Eg satsar på at no med andre kalven so ser ho "lyset" og at eg er ein god halskløar. Desse kvigene har det med å plutseleg snu frå ein dag til hin :D
Ei lukkeleg Hella med avkommet (ho passa godt på ...) :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar