mandag, desember 09, 2013

Luke # 9 !

Kyr for dagen 9. desember:

Iselilja





Dagens dame er på noverande tidspunkt den eldste dama i fjøsen og er vel og ein av dei mest verdifulle. Ho har kjempehøg avlsverdi, mjølkar MYKJE, og ikkje minst; gjev fantastiske avkom. Ho har fått gode kyrkalvar, men det har vore mest moro med oksekalvane. Denne dama kan nemleg skryte av å ha sendt TO seminokseemner til austlandet. Er ikkje so mange damer so kan det! Iselilja har alltid vore rolegheita sjølv, men ikkje særleg kjælen. Ho sete stor pris på å bli børsta og kosa litt med, men går ikkje aktivt bort til meg for å få litt kløing. Utanom det so har Iselilja diverre bala litt med sjukdom dei siste åra. Nokon mastittar har det blitt og i fjor var ho grunnen til at eg fekk sjå noko av det eklaste eg har sett nokonsinne. Då fekk ho ein "betennelses-byll-ish-liknande" kul på størrelse med ein håndball på venstre bakfot, litt oppe på låret. Dette var sjølvsagt smertefullt for ho, men sjølv om ho hadde ildt og feber so dura ho på so vanleg. I allefall, dyrlege blei tilkalla og byllen måtte opnast. Eit par snitt seinare begynte det ekle. Byllen sat djupt (noko me rekna med sia det ikkje hadde sprukke opp av seg sjølv) og det som var inni var av stort volum. Eg kan vel beskrive det so litt tunn graut, cottage cheese-liknande, milkshake-ish, beigefarga puss.... (har noko av "operasjonen"på video og det er mildt sagt kvalmande...). Og alt måtte sjølvsagt ut. Me trykte og ytte i alle retningar til me fekk ut mesteparten, skålte godt tomrommet som var vorte i låret og lot ho berre gå med stort "hål" på bakfoten. Me kunne nemleg ikkje sy det att då det kom til å væske meir dei fyrste dagane. Dermed hadde eg dei kommande dagane den voldsomt glamorøse jobben med å vaske sår. Rensingi føregjekk ved at eg sprøytte inni tomrommet, trykkte litt her og der, ut att med gugga, repeter x 3 gonger + vaske sjølve såret og låret. Det er ikkje enkelt å holde noko slikt ope for at puss skal renne ut og at det skal gro innanfrå og ut. I tillegg er det mykje bakteriar i ein fjøs og ein bør unngå at såret blir betent. Men heldigvis gjekk det fort framover med Iselilja og ei veke seinare var det berre att litt laus hud og eit par arr som synte at ho hadde vore sjuk. Det må ha vore alt anna enn godt då eg herja og dytta på låret hennar den veka, men snill so dama er sto ho fint to gonger om dagen for sårstell :D


Her er Iselilja med kalven ho fekk i september. Det var ein monstersvær kyrkalv! Brystmål på vel 86 cm og vekt på eit par å seksti kilo! Og det var to veker før termin - det hadde vore litt av ei jente om ho hadde fått kalven på "rett dato" !


Ingen kommentarer: