søndag, desember 01, 2013

Julakalendar 2013 !

Tjohei !

 I eit forsøk på å få liv att i denna bloggen so er det innlysande at ein julakalendar er det som skal til! Ein julakalendar som i sin heilheit vil bli via til desse flotte damene eg har i fjøsen. Fødde og oppvaksne her på garden står dei på året rundt. Ete gras og mjøl, kalvar og mjølkar i ein evig runddans. Dei produserar kjøt og mjølk til inntekt for bonden og mat og drikke til deg. Damene er av rasen NRF, der bokstavane egentleg står for Norsk Raudt Fe. For meg står det lika mykje for Nusselege Råtøffe Førkjer! Ja, desse damene er søte å sjå på og so oftast søte av natur (...) , men også nokon skikkeleg råtøffe damer! Dei får ein unge i året, mjølkar i 10 md av året, kjempar for den beste maten og favoritt liggeplassen og ikkje minst: sin plass i eit strengt hierarki! Det er ikkje nokon leik å vere mjølkekyr,nei! So, til ære for desse damene mine, mine samtalepartnarar ( dei er gode psykologar; dei svarar ikkje attende når eg pratar til dei ), mine arbeidskollegaer og mine venninner ( eg er fleire timar med kyrne enn nokon menneske ) viar eg månaden desember. Her vil du få litt informasjon om nokon av desse damene, eller ei historie eller kanskje berre nokre bilete, noko lite skal eg i allefall prøve å skrive om damene kvar dag fram til julafta.  Rett nok er klokka no passert midnatt, og me strengt tatt er komne til 2.desember, men eg opnar allikevel luke nummer 1 i kalendaren!


Kyr for dagen - 1.desember : 

Ilda

Bakom fyrste luke i kalendaren gjøymer det seg ei "ny" dame i mjølkeavdelinga. Ei tøff kvige som var sjefen blant åringane då ho kom over i vaksenavdelinga. Ilda har eit flott lynne med tanke på at ho er kontaktsøkande og alltid vil ha kos. Snill so lenge du klør ho på halsen og ikkje står i vegen når ho ser mjølbytta.  Men sia ho ha vore sjef blant smådamene so forventar jo ho at ho er sjef over alle andre også. Av og til må ho bli fortalt at ein ikkje kan leike/klø/hoppe/slåst med menneske so med andre kyr og av og til har ho fått passet sitt påskreve av godt vaksne og større kyr også. Men alt i alt har vel overgongen frå småjentene til dei store damene gått bra allikevel. Fyste natti i ny binge blei nok litt hard då ho meinte alle skulle ned på kne og tilbe ho, og ho ikkje kunne fatte at nokon ville yppe med hennar sin naturlege rangplassering, nemleg toppsjef! Etter det fyrste møtet med dei vaksne var det ei litt sleten, men alldeles ikkje slagen, Ilda so møtte meg neste morgon, Dama hadde ved hjelp av olme blikk og velvalgte slostkampar kjempa seg opp på topp 5 i hierarkiet. Absolutt tøff til å vere ei kvige! Men i allefall,  Ilda har nettopp fått sin fyrste kalv. Det vil sei, ho blei mor til ein fin jente for ca ein månad sidan. Denne dama hadde hastverk og starta med fødselen vel ei veke før termin. Modern skulle til Bergen nokon dagar på møte so då meinte Ilda at det passa bra å gå i gong med detta prosjektet når bonden var aleine heime. To timar etter at modern forlot dalen låg både eg og Ilda og sveitta i fjøsen. Ho trykte. Eg drog. Og slek gjekk både ti minutt, tjue minutt og førti minutt. Kalven sat bom fast. Kviga var unormalt trong (skal spare dykk forklaringa på kva eg meinar...) og kalven hadde eit stort hovud. Men heldigvis er det no so oftast slek at ei stor og sterk kvige har litt ekstra energi å gje på med, so til slutt kom kalven til verdi. På grunn av lang og hard fødsel var ho då noko medtatt og hadde litt fostervæske i lungene, men med litt hjelp frå både mor og jordmor so kvikna ho fort til og det tok ikkje lange stundi før ho var på føtna. Ilda var det eg vil kalle " midt på treet-mor" den fyrste halvtimen. Det var mest so ho var litt redd denne vesle saken so kasta seg rundt i boksen med knute på alle fire føtene.  Men etter å ha vaska og stelt kalven etter alle kunstens reglar kom morsinnstinkta til syne. Kalven kom seg på føtna og då ho i tillegg fann juret og fekk sitt fyrste måltid so var idyllen komplett. Jaja, so nokonlunde i allefall. Det var no jordmori byrja å mase... Eg ville nemleg mjølke ho. Ikkje berre ville eg vere sikker på at kalven fekk nok råmjølk, men eg ville også fylle på lageret i frysen. Dette var visst enklare sagt enn gjort. Ilda hadde ikkje noko forståing for konseptet "mjølking"! Det var visst synonymt med: "ho her vil ha meg fast i skuvet berre for å drepe kalven min" og "prøva du å ta på juret mitt so drepe eg deg !". Ok, kva gjere ein då? Vel, taktikk nr 1 var å vere so ven i målet so eg berre klarde og ha med kalven bortått juret medan eg lurte meg te å vaske spenane, og det såg ei lita stund ut som at detta gjekk vegen. Det gjorde det ikkje. Det gjekk åt skogen! Ok, taktikk nr 2: bitte saman bakføtene. Detta er so oftast ein god taktikk for karate-kyr. No visar det seg at Ilda har spesialisert seg på krav maga, kung-fu elde noko liknande. Ikkje veit eg kvar ho har lært dette, men resultatet blei i allefall at eg og mjølkespann-deler låg strødd i ein radius på eit par meter. Etter å ha prøvd same leiken fleire gonger i løpet av dagen/kvelden gav eg rett og slett opp. Eg måtte vente til eg fekk med meg hjelp. Dama er ikkje mannevond i det heile, men var som sagt ikkje med på konseptet mjølking.. Eg var redd for at dama skulle få jurbetennelse men "heldigvis" so rann det mjølk i strie straumar når ho låg og kvilte so det blei ikkje so gale mjølkespreng. Og kalven, den drakk mjølk til den store gullmedaljen og meinte vel at det berre var bra at ikkje eg fekk tømme juret. Når modern kom att fekk eg endeleg hjelp til å få mjølka skikkeleg dama og jammen er det ikkje ei super-mjølkar! Dama produserar som berra juling og har komme godt inn i rutinane og konsepet mjølking ( me hadde rett nok eit lite tilbakesteg i forholdet vårt når eg ville sende ho på slaktebilen sist veke. Dette fordi ho fortsatt har so mykje stolme i juret at eg må holde mjølkeorganet gjennom heile mjølkinga og eg har senabetennelse i begge armane. Men no ser det ut som at me er venner att altso ;D ).  Enden på denne soga er i allefall at Ilda Gjerde er nok kommen for å bli blant dei vaksne damene mine. Ho er ei god mor,  frisk og rask, er lettmjølkt og produserar godt og ikkje minst: ho er snill og kontaktsøkande og likar at eg klør ho på halsen:D



Ilda og jentungen (som faktisk låg (...) og drakk mjølk :D

Ingen kommentarer: